Nytt om postjournal

Denne veka blir det gjort endring i visning av postjournal på nettsida til Giske kommune.

Klikk for stort biletelogo 

Offentlege dokument som gjeld byggesak, oppmåling,  plan og saksframlegg, blir publisert som før. Generell offentleg korrespondanse blir ikkje lenger publisert i fulltekst. I tilknytning til dokumentet vil det ligge ein knapp «Be om innsyn». Publikum kan bestille dokumentet der. Er dokumentet offentleg, blir det raskt  ekspedert til oppgitt adresse. Er dokumentet ikkje offentleg, må det offentlegvurderast, og då tek det litt lenger tid før det blir ekspedert, eventuelt gitt avslag på innsynsførespurnad.