Ny kompetanse- og rekrutteringsplan for helse og omsorg

Klikk for stort bileteGiske kommune er no ferdig med ny strategisk kompetanse- og rekrutteringsplan for 2019-23, som følgjer opp ei av hovudutfordringane i kommunesektoren: Evna til å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar.

Giske kommune sin visjon «Historisk og fremtidsretta» og kjerneverdiane våre Respekt, Engasjement, Løysingsvilje og Kvalitet gir retning for utviklingsarbeidet i tenesta. 

Hovudmålet med planen er å gjere greie for helse- og omsorgstenestene sine målsetjingar og kva kompetansebehov desse utløyser, utfordringar tenesta står overfor.

Planen er forankra i :

  • Samfunnsplan 2014 – 2026,
  • Giske2030.no,
  • Lokalt program for omstilling i Giske kommune 2016-2019
  • Økonomiplan 2018-2020.

Vidare er planen forankra i Helse og omsorgsplan 2016-2020 «Samspel,meistring og helse» som gir retning for utvikling og strategiar for helse og omsorgstenestene. Tilsette og leiarar har drøfta kompetanseutfordringar og spelt inn kompetansebehov og forslag til tiltak. Innbyggarane i Giske har også gitt sine innspel. Planen har vore sendt ut på høyring før sluttbehandlinga i Giske kommunestyre.

 Vedlagt: