Ny kommunedirektør

Dag Olav Tennfjord er av Giske formannskap innstilt som ny kommunedirektør i Giske. Tennfjord er 58 år og kjem frå Skodje i Ålesund kommune.

Klikk for stort bilete 

Dag Olav Tennfjord har dei siste seks åra vore heiltidspolitikar. Frå 2015 til 2019 ordførar i Skodje, og no heiltidspolitikar i Ålesund som gruppeleiar for Høgre og leiar i Møre og Romsdal Høgre.

Dag Olav Tennfjord er siviløkonom frå NHH, har 21 års yrkeserfaring frå privat næringsliv i leiande posisjoner. Tennfjord kjenner både Giske kommune og omlandet svært godt.