Ny desinfiseringsrobot til Giske kommune

 Klikk for stort bilete Giske har fått overlevert ein robot for rensing og desinfisering av bl.a. soverom og utstyr i helse- og omsorgssektoren.
Roboten vil gjere arbeidet både raskare og mykje enklare for tilsette, og samtidig bli kvitt 99.99% av virus og bakteriar som kan vere skadelege for menneske.

Klikk for stort biletefv: leverandør Kenneth Eik Frostad, reinhaldsleiar Vibeke Olsen Larsen og beredskapskoordinator Henrik Wang. Roboten har eit patentert system som omdannar lufta i det rommet som vert behandla til ozon: Ozonen bryt i sin tur ned skadelege mikrobar og smittsam virus i løpet av ein times tid, og vi vil få bukt med ureinheiter og mulege smittekjelder utan å bruke kjemikalier som kan vere til skade for bebuarar, reinhaldarar eller andre tilsette.