Meir pengar til psykisk helse og rusarbeid

Giske kommune har fått litt over ein halv million kroner for å styrke  arbeidet innan psykisk helse og rus.

Klikk for stort bileteTherese 

"Dette er veldig gode nyheiter for oss. Det gjer at vi kan styrke tilbodet vårt til personar med psykiske utfordringar og rusvanskar", seier Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar Meistring og psykisk helse.

Tilskotet på 550.000 kroner kjem frå Statsforvaltaren og er ei midlertidig styrking av eksisterande behandlingstilbod innan psykisk helse og rusarbeid. Pengane er meint å styrke tilbodet inneverande år.