Koronateststasjon opna på flyplassen

Klikk for stort bilete Giske kommune startar opp koronateststasjon på Ålesund Lufthamn Vigra måndag 24. august. Alle passasjerar på fly frå utlandet får no tilbod om å teste seg.

Giske kommune har etter oppdrag frå Helsedirektoratet starta opp teststasjonen, og vi vonar at så mange som mogleg ønskjer å nytte seg av tilbodet.

Helsepersonell

Kommunen treng helsepersonell eller anna personell som ønsker å jobbe ved koronateststasjonen: Ta kontakt med Giske kommune og prosjektleiar Sindre Røsvik (tel. 911 33 281)  for meir informasjon.