Korona-dødsfall i Giske

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete Ei eldre kvinne døyde på Giske Omsorgsenter tirsdag kveld. Kvinna vart konstatert koronasmitta for knapt to veker sidan. Sidan den gongen har ho vore i isolat. I går kveld døyde ho.

- Det er svært trist at pandemien skulle gje så tragisk utfall, seier ordførar i Giske, Harry Valderhaug. – I dag tenker vi mykje på den avdødes familie og føler med dei.

- Eit dødsfall minner oss på kor alvorleg situasjonen er og kor viktig det er at vi alle tek tiltaka  styresmaktene set inn på største alvor. Vi må alle gjere vårt aller beste for å hindre at smitten spreier seg, seier Valderhaug.