Kjøkkenet på Giske omsorgssenter får ros frå tilsynet

17. oktober fekk Giske omsorgssenter uventa tilsyn frå Mattilsynet. Rådmannen har no mottatt ein svært god tilsynsrapport der det vert gjeve ros til dei tilsette for å ha gode rutiner og system for bl.a. matlaging, oppbevaring og allment reinhald ved senteret.

Produksjonskjøkkenet på omsorgssenteret står for dagleg matlaging til bebuarane på senteret, til omlag 40 heimebuande, til bukollektiva på Godøya og Vigra - i tillegg til at det leverar møtemat til kommunen.

I tiilsynsrapporten legg Mattilsynet vekt på at det er godt reinhald og orden på kjøkken og kjøle-/ fryserom med bra temperaturkontroll. All eigenprodusert mat var godt merka med datoar og ingrediensar med allergenar og informasjon om tilbereding av maten.

Kjøkkensjefen var ikkje til stades under tilsynet, men dei tilsette sin kunnskap om internkontrollrutiner synast Mattilsynet var god. Tilsynet meinte til slutt at ei vifte på kjølerommet kunne vore betre reingjort, noko som vil bli fulgt opp av kjøkkenpersonalet.

Rådmannen gratulerar med godkjent tilsyn!