Høyring - Forslag til skiltvedtak for den nye Skulevegen på Giske

I samband med ny skuleveg på Giske er det utarbeida skiltplan for den nye vegen. Skiltplan og skiltvedtak gjeld offentlege skilt på kommunale veger og fylkesveger.

Teknisk utval vedtok i møte den 09.12.2019, sak TU-013/19, forslag til skiltvedtak, for den nye Skulevegen, i henhald til skiltplan L-001.

Forslag til skiltvedtak er sendt på høyring til politi og Statens vegvesen med hjemmel i skiltforskriften § 26.

Saksprotokoll og høyringsdokument ligg her:  Forslag til skiltvedtak for den nye Skulevegen på Giske

 

Merknader til planforslaget kan sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til post@giske.kommune.no. Innspel merkast med sak 19/1597.

 

Frist for høyringsuttalelsar: 17.12.2019 klokka 23:59.