Høgtid for fiskerinæringa i Giske

Fredag førre veke kom fiskeriminister Harald Tom Nesvik til Giske med 91 millionar til Gjøsund hamn.

I fjor vart det kjent at Gjøsund fiskerihamn kom inn i andre planperiode av Nasjonal transportplan (NTP) og Giske kommune søkte om 91 millionar kroner til prosjektet.

- Fekk det du ba om

- Det var eit uanstendig høgt beløp, men du har fått det du søkte om, sa Nesvik til Giske-ordførar Harry Valderhaug.

Då det vart klart at Gjøsund kom inn i andre del av NTP-perioden 2023-2029 med opning for å forskottere, uttala tidligare rådmann Marit Elisabeth Larssen at den opninga må kommunen og næringslivet gripe. No er det altså klart at arbeidet har bore frukter.

Viktig prosjekt

Møterommet på Optimar med utsikt over Gjøsundet var tettpakka med fiskarar, investorar og politikarar.

Giske kommune har tidligara sagt at Gjøsund hamn skal bli den beste nasjonale fiskerihamna. No er ambisjonen eit steg nærare.

- Prosjektet er så viktig, ikkje berre for Giske, men heile regionen, at difor blir prosjektet no framskunda, kunne fiskeriministeren seie då han gratulerte dei frammøtte.

Fra venstre: Håvard Sætre (Optimar), ordførar Harry Valderhaug (KrF), stortingsrepresentant Marianne Synnes (H), fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP), Bitt Giske Andersen (V), Kenneth Langvatn (H), Ina Giske (FrP) og Frank Sve (FrP).