Grønt nivå på skular og barnehage

 Alle skular, barnehagar og SFO i Giske kommune går over til grønt nivå frå mandag av. Det betyr også at det blir vanleg opningstid igjen.

 

Dette vart bestemt etter eit møte i beredskapsleiinga fredag i samråd med kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen. Giske kommune følger ellers nasjonale smittevernreglar og dei lettelsane som er vedtatt. 

  • Det er god kontroll på smitten i Giske kommune no, men vi må forvente at smittetala stig dei neste vekene. Ved større utbrot i enkelte einingar vil det bli tatt ei ny vurdering om å endre nivå, seier kommuneoverlegen.

Pandemien er inne i ein ny fase og vil også bli handtert på ein ny måte.

  • Det er mange uvaksinerte barn og vi må akseptere at smitten aukar. Vi skal no styre etter belastninga på helsevesenet, seier Sommerdalen.