God helse-avtalen signert i dag

Giske kommune har sidan 2010 vore med i partnarskapet God Helse med Møre og Romsdal fylkeskommune. Formålet er eit strategisk samarbeid om å utvikle folkehelsearbeidet i fylket. Namnet blir vidareført i God Helse samarbeidsavtalen som gjeld fram til 31.12.2023.

Klikk for stort bilete 

Formålet med avtalen er  å sikre ei god samordning av folkehelsearbeidet i fylket og følge opp måla i den nasjonale, regionale og lokale folkehelsepolitikken. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. God Helse-samarbeidsavtalen omfattar mellom anna avtalepartane sine ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. I vedlegget blir Giske kommune sine prioriterte arbeidsområde innan folkehelse  beskrive.

Giske kommune ser fram til det vidare samarbeidet!