Giske kommmune må yte praktisk bistand

Det har Statsforvaltaren no bestemt.

Klikk for stort biletelogo 

Statsforvaltaren har handsama klagesakene i høve reduksjon av praktisk bistand. Giske kommune har fått tilbakemelding om at det ikkje er høve til å gjere om på vedtaka og har dermed oppheva desse.

«Vi vil på det sterkaste beklage belastninga dette har påført brukarane som har vore berørt, seier Lene Bjørlo Overå, kommunalsjef  for helse og omsorg.

Brukarane som har klaga har fått oppretthaldt tenesta praktisk bistand i klagebehandlingstida og vil få tilsendt eit nytt vedtak om at tenestetilbodet held fram. Brukarane som ikkje har klaga på omgjeringa, vil få tilsendt brev frå Giske kommune i løpet av august månad og vil på nytt få tilbod om praktisk bistand så fort det let seg gjere etter dette.