Fri ferdsel og arbeid i Godøytunnelen

Denne helga og på måndag vert det fri ferdsel i Godøytunnelen. Mellom tysdag 2. april og fredag 12. april blir det ein ny periode med kolonnekøyring og nye kolonnetider.

Asfalteringa av tunnelen er no ferdig, og på tysdag 2. april startar arbeidet med å støype kantstein.

I samband med dette vil tunnelen vere stengd med kolonnekøyring i tidsrommet 08.00 til 20.00. Dette gjeld alle dagar fram til fredag 12. april, også i helga 6. og 7. april.

- Vi beklagar at det no blir ein ny periode med kolonnar på dagtid. Erfaringane frå februar viste derimot at desse tidene fungerte ganske godt. Under støypinga av kantstein vil det berre bli jobba på nokre få og avgrensa område i tunnelen. Dette fører til at kolonnane vil kunne køyre ganske uhindra gjennom, og ikkje bruke så lang tid, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Les meir: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelermidt/nyhetsarkiv/utforer-kantsteinsarbeidet-pa-dagtid-i-godoytunnelen