Er beredskapslageret i orden?

Klikk for stort bilete Om straumen vert borte eller du vert isolert av dårleg vêr i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv nokre dagar. Med eit lite reservelager av det som er mest nødvendig - vatn, mat medisin og varmekjelder, er du betre førebudd.

Røde Kors har sendt ut nyttig informasjon i samband med Eigenberedskapsveka - sjå nedanfor.

Ditt eiget beredskapslager  pr. person for 3 døgn:

  • 9 liter vatn
  • 2 pakker knekkebrød og 1 pakke havregryn
  • 3 boksar middagshermetikk/ poser tørrmat 
  • 3 boksar pålegg med lång haldbarheit og nøtter/ tørka frukt
  • medisin du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
  • grill eller kokeplater som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • fystikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridrive DAB-radio, batterier, batteribank og mobillader til bilen
  • våtservietter og desinfeksjonsmidel
  • tørke-/ toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/ gass/ parafin
  • rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar (til bruk ved atomhendingar)

Kjelde: www.sikkerhverdag.no

Røde Kors sine beredskapsreglar