Endring i gebyrpraksis for byggesakar, frå og med 1. july 2019

Giske kommune endrar gebyrpraksis for byggesakar frå og med 1 juli 2019, jf. vedtak frå formannskapet av dato 03.06.2019.

F-081/19  Giske formannskap vedtek at gebyra gjeve i Gebyr- og betaligssatsar 2019, vedteke i kommunestyret, sak 065/18, 29.11.2018 skal fakturerast for kvart enkelt tilfelle gjeve i denne, uavhengig av om dei er ein del av ein samla søknad eller søkt om kvar for seg.

Gebyrsatsane vil framleis vere dei same som opplyst i Gebyr- og betalingssatsar 2019. Endra praksis vil til dømes medføre:

  • -kvar regel det vert dispensert frå vil gje gebyr
  • -kvart enkelt tiltak som er søknadspliktig i same søknad vil gje gebyr.

Saksdokument er tilgjengeleg her.

For meir informasjon, ta kontakt med byggesakskontoret på tlf. 70 18 80 00, eller epost: post@giske.kommune.no .