Droneflyging i Giske

Restriksjonar og regelverk

Droner som tek video og bilete frå lufta har vore særs populært seinaste tida. Vi minnar om at pga. flyplassen er det strenge restriksjonar for bruk av droner og modellflyg i kommunen.

Sjå kart og reglar for Ålesund Lufthamn Vigra på https://avinor.no/…/pa-flyplas…/droner/kart-og-restriksjoner.

Luftfartstilsynet har fastsett reglar om droner og modellfly i Forskrift om luftfartøy utan førar ombord.

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet og Datatilsynet gjev informasjon om kva reglar som gjeld for filming og fotografering frå lufta. Les meir om dette hos nsm.no og datatilsynet.no.

Ålesund lufthamn Vigra er eigd og drive av Avinor AS, og lufthamna har formelt ansvar for luftrommet i Vigra kontrollsone.

Vigra kontrolltårn er ansvarleg for lufttrafikktenesta som vert gjeve i heile kontrollsona, og er kontaktpunkt for all koordinering av flyging med luftfarty som ikkje har førar om bord som kjem innafor kontrollsona.

 

Brosjyre: