Årsrapport 2018

Klikk for stort bilete Årsrapporten for Giske kommune 2018 ligg no ferdig frå rådmannen for godkjenning i kommunestyret 13. juni. Rapporten er lagt ut på nettsida http://arsrapport.giske.kommune.no/2018/.

Rapporten gjev innsikt i korleis kommunen har utvikla seg siste året - om økonomi, organisasjon, einingar - og med statistikk.

Rådmannen gjev i sitt forord "Rådmannen har ordet" slikt oversyn over året som har gått:

2018 var eit år med mange viktige hendingar og milepelar, men også eit år med utfordringar i forhold til investeringar, drift og ressursbruk. Kommunen vart ROBEK-kommune i 2016 som eit resultat av eit for høgt driftsnivå over år. Det har vore arbeidd med innsparingar og omstilling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi for å drive rasjonelt og effektivt, innanfor tilgjengeleg rammer: Drift i balanse. Status viser at målet ikkje vart nådd, heller ikkje målsettinga om nedbetaling av opparbeidd underskot. Dette inneber at kommunen blir verande på ROBEK-lista utover 2019, slik det ser ut no. Dei kommunale tenestene har i fleire år brukt meir enn budsjettert, men ekstra inntekter har vore med å gitt balanse i rekneskapen. I 2017 hadde kommunen ei god avkasting på fonds-plasseringar som gav positivt driftsresultat og nedbetaling av tidlegare års underskot. I 2018 var finansavkastninga heller negativ. Seks millionar kroner frå Havbruksfondet kom godt med i balansen men var ikkje nok til å greie nedbetaling i samsvar med forpliktande plan. Tenestområda har fått mindre rammer og har redusert tilboda, men langt frå nok til å få balanse. Kutt i rammene til tidleg innsats innan oppvekst delvis vart omfordelt i drifta, men samla enda med eit overforbruk. Veksten innanfor tenesteområda har blitt mindre, men omfanget må reduserast merkbart og strukturelle endringar må gjennomførast. Etter første tertial låg drifta vesentleg over vedteke budsjett og for å kome på kurs bad rådmannen om at auke i eigedomsskatt måtte vurderast i sambane med budsjett for 2019, og dette vart lagt inn i rådmannen sitt framlegg. Dette fekk ikkje fleirtal i kommunestyret og driftsramma for tenestene vart då redusert tilsvarande. Å kome ut av ROBEK-statusen vil vere eit første teikn på sunn økonomisk drift.

I 2018 vart akutte behov for fleire klasserom løyst med undervisningsbrakker og utbygging av Vigra skule og Valderøy ungdomsskule må vente nokre år. Det same må meir omfattande vedlikehald på kommunale bygg. Kommunal infrastruktur som vegar, vatn og avløp har blitt og vil bli bygd ut i samsvar med kapasitet og gjeldande planar for å legge til rette for framtidig bolig- og næringsutvikling.

Ein sunn kommuneøkonomi gir stabile rammer for tenesteproduksjonen og vil avstemme kva forventningsnivå innbyggarane kan ha til kommunale tenester. Innanfor dei gitte rammene skal kommunen utvikle seg som eit godt, robust og berekraftig samfunn med:

  • Næringsutvikling
  • Tenesteutvikling med framtidsretta tilbod ved hjelp av omstilling og digitalisering.
  • Partssamarbeid som grunnlag for utvikling av gode arbeidsmiljø og gode tenester

Veksten i innbyggartal heldt fram med 106 nye innbyggarar til 8 398 (8 292) 01.01.19 og 108 nyfødde. I tenestene har arbeid med omstilling og nye tiltak fått ein stadig større plass, jamfør prosjektet omstilling gjennom digitalisering. Omsorgstenestene vart omorganisert slik at det vart oppretta ei ny eining Meistring og psykisk helse, trekt ut frå NAV; Barn, familie og helse, og omsorg.

Av andre viktige nye tiltak må nemnast:

Giske kommune nådde fram med søknad om mudring av Gjøsund hamn og kom med det nærare målet om realisering av ei attraktiv nasjonal fiskerihamn. Som del av dette arbeidet tok kommunen initiativ til etablering av Giske utvikling AS. I dette selskapet har næringslivsinteresser i området føringa i samarbeid med kommunen. Det vart vidare starta arbeid med områdeplan for Sætra og Gjøsund med brei medverknad der det vart nedsett ei arbeidsgruppe med grunneigarar og næringslivsrepresentantar i området. Kommunen var også ein aktiv part i fiskerikonferansen Next Wave der næringa blir løfta fram og gitt ein arena ei stor fiskerikommune verdig.

Etter ein lang og grundig prosess med høg grad av involvering frå innbyggarane vart Kommuneplan 2018-2029 vedteken. Her var også sjøareala med, men det er først med marine grunnkart at størstedelen av kommunen kan regulerast på ein meiningsfull måte. Om lag 95% av Giske kommune er sjøareal og vil framover bli stadig viktigare og grunnkarta vil gi viktig kunnskap for utvikling og forvaltning, i tråd med FN sine berekraftmål. Det vart starta arbeid med Marine grunnkart (nasjonalt prosjekt MAGIN) som blir gjort av Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU) og Havforskingsinstituttet (HI). Giske kommune var her søkjar i samarbeid med Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune. .

Etter ny vurdering med nedsetting av ei ekspertgruppe tok kommunestyret ei ekstra vurderinga i forhold til kommunestruktur, og gjorde i september det viktige vegvalet om å gå vidare som eigen kommune. Med kommunereformen og etablering av Nye Ålesund kommune vart det varsla at alle interkommunale avtalar blir sagt opp, og må eventuelt reforhandlast. Giske kommune etter 2020 har vore tydeleg på at ein fortsatt vil ha eit godt samarbeid med nabokommunane, og vere aktiv i regionale fora og samarbeidsprosjekt. Kommuner var med i etableringa av Ålesund lufthamn Vigra AS, Felles klima, areal og transportplan, og samarbeid i forlenging av Byregion programmet (BYR Ålesund) med fleire prosjekt og fora for regionssamarbeid.

Omstillingsprogrammet "Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi" har lagt to år bak seg og resultata blir stadig meir synlege innan skulen der nettbrett, koding og teknologibruk har ein viktig plass, og innan omsorg der velferdsteknologien vart teken i bruk med mobilteknologi, elektroniske dørlås og ulike digitale hjelpemiddel. Kommunen arrangerte ei spanande og vellykka konferanse som viste både kor langt ein har kome og potensialet for nye tilbod. Ein illustrativ video vart laga og publisert på nett. På teknisk sektor har nye karttenester tatt i bruk som eit godt redskap både i saksbehandling og for innbyggarane. Den som driv nybrottsarbeid må ein rekne med både motstand, som kan vere velbegrunna, og feiling. Likevel, dette er berre starten på ei utvikling som skyt stadig meir fart.

Kommunen sin samfunnsplan har tittelen samspelskommunen og det forpliktar. Det inneber for det første erkjenninga at kommunen er avhengig av samspel med næringsliv, lag, foreiningar og innbyggarar for å skape det gode samfunnet ein vil kommunen skal vere. Vidare er kommunen ein stor arbeidsgjevar og legg stor vekt på trepart-samarbeidet mellom politikarar, rådmann og dei tillitsvalde. Vi har brei og solid kompetanse slik at kommunen kan gi gode tenester. På nokre område er ein avhengig av å kjøpe tenester av andre og aukande behov for spisskompetanse krev både kompetanseheving i form av etter- og vidareutdanning og rekruttering av nye medarbeidarar. Kommunen blir stadig utfordra på kompetanse og har avgrensa ressursar, men saman med resten av lokalsamfunnet kan vi skape rike lokalmiljø med varierte og gode tilbod.

Oppsummert kan ein seie at kommunen produserte gode tenester på alle ansvarsområde i 2018, men det daglege arbeidet som ber dei kommunale tenestene i barnehagar, skular, kultur, omsorg, helse og tekniske tenester får ikkje dei store overskriftene. Tenestene er sjølvsagde i vårt velferdssamfunn. Manglar og avvik får meir merksemd, og det kan det vere gode grunnar til. Kommunen har utfordringar og greier ikkje alltid å levere forventa tenester, og klager blir tatt på alvor. Ein har ikkje kome langt nok med oppfølging av avvik sjøl om systema er på plass. Teknisk eining sette i gong eit LEAN-prosjekt for å bli betre på sakshandsaming, levering av prosjekt og investeringar. Målet er rask og etterretteleg informasjon, saksgang og fullføring av prosjekt. Tilsvarande tiltak må også gjerast innanfor andre tenester der kommunen ikkje er gode nok. Kommunen skal bli kjent igjen på sine verdiar:

RESPEKT, LØYSINGSVILJE, ENGASJEMENT, KVALITET.