Allemannsretten

Mange solrike dagar ventar, og mange av oss vil kome oss ut og nyte dei  i Giske sine vakre naturområda. For å sikra at alle har gode opplevingar utandørs, er det viktig å hugsa god folkeskikk og reglane for allemannsretten. Sidan det er mange verneområde og mykje dyrkamark i Giske, er det ein god ide å sjekke litt om allemannsretten før du planlegg den neste turen. På denne lenkja finn du informasjon om allemannsretten. Det er også viktig å vite at desse reglane varierar etter om du er i eit verneområde eller eit naturreservat. Men korleis veit du om staden du er i er verna? Miljøstatus-appen utvikla av Miljødirektoratet gir informasjon om naturområda – alt frå plante- og lokalt dyreliv, kulturminner, freda bygningar – til spesifikke retningslinjer for bruk og opphald i naturområda. Du kan lasta ned appen ved å følgja desse lenkjene.

Last ned Miljøstatus kart frå Appstore

Last ned Miljøstatus kart frå Google Play

Informasjon om vern, ferdsel og aktivitetar finn du ved å trykka på området og følgja lenkjene til du kjem til «Verneforskrift».

Ta gjerne kontakt om det er noe uklar, og nyt sommeren på Giske!