1300 har førehandsrøysta

 Det er stor pågang av folk som vil førehandsrøyste i samband med Stortings- og sametingsvalet på rådhuset i Giske kommune. Så langt har over 1300 førehandsrøysta. Det er nesten 30 prosent av dei 4.600 som har røysterett i kommunen.

 

Av desse har kommunen fått tilsendt 150 røystesetlar frå andre kommunar. Rundt 50 stemmer er sendt herifrå.

Servicekontoret er ope for førehandsrøysting kvar dag frå 8.30.15.30 og torsdag fram til kl. 19. Siste sjanse for å førehandsrøyste er fredag 10. september kl. 15.30.

Dersom du er i karantene kan du søkje om ambulerande røysting fram til kl. 10 på valdagen 13. september. Dersom dette er aktuelt for deg, send epost til ingvild.nautvik@giske.kommune.no.

Ved førre Stortingsval vart det motteke 1300 førehandsrøyster i Giske kommune. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 valde 800 personar å røyste før valet.