Innskriving av nye førsteklassingar

Velkomne til innskriving ved Vigra skule 13. og 14. februar. 

Det blir sendt ut e-post til føresette med tidspunkt for oppmøte på skulen ein av dei to dagane. I år vil vi dele inn i grupper, gruppene av barn og føresette vil møte avdelingsleiar og rektor litt felles først, og så blir det kvar sin tur å snakke litt med anten avdelingsleiar eller rektor. Fadderklassen vil også gruppevis vere til stades i leike- og ventearealet, slik at skulestartarane  og fadrane kan verte litt kjende.  Vi ser fram til å møte dykk alle saman! 

Helsing avdelingsleiar Marit og rektor Karianne.