Inkludering - Spesialundervisning

På Vigra skule er eleven rekna som ein ressurs, og vi har fokus på å unne kvarandre suksess.

Vigra skule har vi eit inkluderingsteam som arbeider for at alle skal kjenne at dei lærer, utviklar seg og høyrer til. Karianne Farstad er leiar og saman med Christine S. Langeland som er avdelingsleiar på 1.-4. klasse og Ingrid Hessen, som er avdelingsleiar på 5. -7.klasse, arbeider vi for at barnet skal få realisere potensialet sitt saman med klassekameratar og lærarar.

Vi samarbeider tett med Pedagogisk psykologisk teneste i Giske kommune der kontaktpersonenen vår er Nina Nordmark.

Når lærarar, eller foreldre, er urolige for om eit barn får utnytta sitt potensiale analyserer vi utfordringane og bestemmer tiltak for betre tilrettelegging. Vi kan drøfte tiltak med PPT og vi søke PPT om hjelp til sakkunnig utgreiing, dersom våre tiltak ikkje har ønska effekt.

I sakkunnig vurdering konkluderer PPT med om barnet har rett til spesialundervisning, eller ikkje etter opplæringsloven § 5. Rektor fattar enkeltvedtak dersom det er tilrådd, eller avslag -om retten til spesialundervisning ikkje er oppfylt. Uansett har alle elevar rett til å arbeide med innhold og arbeidsmåtar som gjer at dei erfarer meistring og myndiggjering i læringsfellesskapet.

Kvar måndag og tysdag er helsesøster Sofie Hansen Rønning (1. -4. klasse) og Yvonne Ytterland Magnussen (5. -7. klasse) på kontoret sitt her på skulen. Elevar og foreldre kan sjølv gjere avtalar med henne og vi på skulen har også eit tett samarbeid med helsestasjonen.

Alle vaksne har rett og plikt til å melde i frå dersom vi trur at eit barn vert krenka, utsett for overgrep –som vold eller seksuelle krenkingar. Vi som arbeider i skule og SFO har eit særleg ansvar her. Vi samarbeider tett med Barn, Familie og helse. Hugs at når vi melder vår uro er det FOR barnet –ikkje MOT foreldra.

Dersom eit barn har det så vanskeleg med tankar, kjensler og det å mestre kvardagen at det ikkje har det bra, får vi hjelp av Psykisk helseteam for barn og unge. Dei kan samarbeide om tiltak i både heim og skule.

Alle desse systema er til for at barnet skal ha det bra og for at barnet skal få realisert potensialet sitt for utvikling og læring.

 

Vi vaksne er ute i avdelingane i god tid før skuleklokka ringer. Vi har fleire vaksne ute i friminutta og vi har elevar i LeikePatruljen, som planlegg og set i gang aktivitetar og moro i friminutt.

Kontakt

Karianne Oline Farstad
E-post
Telefon 41 70 23 09
Mobil 41 70 23 09