Leseplan for Vigra skule

«Å lære å lese- å lese for å lære og å skrive seg til læring»

Vigra skule skal bidra til at alle elevar skal få realisere potensialet sitt.

 Leseplanen for Vigra skule skal sørge for at god lese og skriveopplæring gjennomførast på alle klassetrinn.

 God lese og skrive opplæring inneber å skape ein kultur for lesing og skriving gjennom systematisk arbeid med oppgåver som skal gi elevane leseglede, lærelyst og ei oppleving av meistring.

 

Oppgåvene skal vere knytt til kompetansemåla og inkludere alle fag. Fokus på djupneelæring, varierte og praktiske oppgåver skal hjelpe elevane til:

  1. Skape engasjement og ambisjonar for lesing.
  2. Utvikle elevanes språklige ferdigheiter
  3. Utvikle elevanes evne til å kunne kode om.
  4. Utvikle elevenes evne til å lese med forståing.

(OECD definisjon på lesing)

 

I samband med kvalitetsplanen for oppvekst, Giske kommune, skal lese- og skriveplanen ha fokus på livsmeistring. Forsking peiker på livsmeistring som ein avgjerande dugleik inn mot framtidskompetanse.

Livsmeistring er knytt opp til fysisk og psykisk helse, meistring og meistringstru, utforskartrong, glede og gode relasjonar i barn og unge sitt liv no og i framtida (kvalitetsplanen, s. 2).

Lese- og skriveplanen skal bidra til at alle elevar får realisere sitt læringspotensiale gjennom varierte oppgåver med fokus på samarbeid, forsking, medverknad og VFL. Oppgåvene skal tilpassast den enkelte elev og sørge for å inkludere alle i eit læringsfellesskap.

Lesing og skriving er to av dei fem grunnleggjande kompetansane i LK06. Lese og skriveplanen skal sørge for at elevane:

  • Utviklar gode språklege dugleikar
  • Utviklar gode kodestrategiar
  • Utviklar gode lesestrategiar
  • Utviklar leseglede og motivasjon rundt lesing.
  • Blir kjende med ulike sjangrar
  • Utviklar kjeldekritikk
  • Arbeider med multiple tekstar
  • Få støtte til skriving –
    • Førskrivingsfase
    • Undervegs
    • Respons
    • Revidere
    • Sluttresultat/ publisering
  • Lære seg å strukturere og skape tekst ved modelleringstekstar
  • Skape digitale/multimodale tekstar.

 

Eit av måla for planen er at leseopplæringa skal vere alle lærarar sitt ansvar. Norskfaget har eit særskild ansvar for leseopplæring, men både lesing og skriving skal ha fokus i alle fag ved Vigra skule. Dette betyr at undervisningsopplegga skal inkludere alle fag og vere tverrfaglege. Dette krev samarbeid og fokus på ein delingskultur i kollegiet.

Leseplanen er ikkje meint å vere statisk, men noko alle dei tilsette ved skulen skal arbeide kontinuerlig med. Alle lærarane ved skulen skal ha innflytelse og komme med innspel. Det vil arrangerast to oppsummeringsmøter der medverknad frå dei tilsette skal stå i sentrum.