6. klasse 2019-2020

I 6. klasse er vi 35 elevar fordelt i to grupper. Vi er 20 gutar og 15 jenter. I 6A er det 17 elevar, medan det er 18 elevar i 6B.

 

Vi er fadrar for årets førsteklassingar, og synest det er veldig kjekt. Vi passar godt på dei som er nye på skulen, og gjer ulike aktivitetar med dei ute og inne. 

 

I 6. klasse er vi også så heldig at vi har mat og helse kvar veke. Tre dagar i veka vert vi delt opp i 3 grupper. Dette kallar vi for tredeling. Ei gruppe har norsk og engelsk, samtidig har ei gruppe matematikk og samfunnsfag eller matematikk og KRLE, og den siste gruppa har mat og helse.

 

Siste timen kvar fredag har vi “Kafé”. Då er vi ofte saman begge klassene og spelar spel, har kahoot, øver på songar  eller ser film. Ei gruppe har ofte laga litt kafémat.

 

I år er kontaktlærarane våre Bente og Tove i 6A, og Tuva i 6B. Ellers har vi også med oss assistentane Liv Anne og Liv Kristin, og lærarane Odd Kåre, Kjellaug og Ingrid, og Ingeborg av og til.