1. klasse 2018/2019

Korleis vi jobbar på 1. og 2. trinn:

Klikk for stort bilete

Førstetrinn har 14 jenter og 13 gutar.

Andretrinn har 9 jenter og 16 gutar.

Christine Langeland og Hege Jørandli Fylling er kontaktlærarar på førstetrinn.

Line Hesselberg Tomren og Haakon Just Martinsen er kontaklærarar for andretrinn.

Med oss på trinna er Eirik Solli som er barnehagelærar og uteleiksekspert, Merete Hoel Roaldsnes er musikkdoktor, Sonja Bjerknes Valderhaug er assistent. Til og med januar 2018 har vi og med oss Kathrine Torvik Berge, som er lærling. Saman utgjer dette eit flott og godt team som skal skape ein god og variert skulekvardag for ungane på 1. og 2. trinn.

Nytt for året er at vi skal legge mykje meir av læringa til uterommet. Ei gruppe går ut, medan vi har att smågrupper i klasserommet. På denne måten får vi utnytta ressursane betre, og vi kjem tettare på kvar enkelt elev. Dette gir utslag på både personlege relasjonar og på læringsutbyttet. Ute er det leikande læring som er i fokus.

Vi har fokus på å lære å lese gjennom skriving med lydstøtte – ein metodikk som blir kalla STL+ (Skriving Til Lesing). Der leiter vi oss fram til dei rette lydane og lagar ord og etter kvart setningar.