Læring skjer ikkje berre i klasserommet eller ved at ein lærar underviser eller at eleven løyser oppgåver. Det er mange arenaer for læring i lokalmiljøet. Det kan til dømes vere aktuelt å besøkje arbeidsplassar og bedrifter, å oppsøkje bibliotek og andre informasjonskjelder og å bruke naturområda i nærmiljøet.
Elevane vekslar også mellom å jobbe individuelt, i par, i grupper innanfor og på tvers av klassestega. I tillegg til å lære fag er det eit overordna mål for skulen at elevane skal lære å samarbeide med andre, også andre enn dei næraste venene. Å kunne yte i samspel med andre og bidra til at ei gruppe fungerer best mogleg er krevjande, men viktig - både i skulen og seinare i livet.
Elevane skal arbeide med problemstillingar dei er opptekne av, dei skal finne svar på spørsmål, og dei skal samarbeide med kvarandre og lære av kvarandre. Dei skal også lære om seg sjølve og om korleis dei best lærer. Nokon ynskjer helst å få ting fortalt, andre vil heller lese sjølve, andre igjen vil helst bygge eller skape noko. Elevane må verte kjende med ulike læringsstilar og møte ulike arbeidsformer for å verte medvitne om eiga læring.
Utforskande læring der elevane må arbeide seg fram til ei løysing - eller gjerne fleire ulike løysingar - på ei problemstiling gir auka engasjement og eigeforhold til læringa. Dette set krav til elevane. Det er kommunen som har det overordna ansvaret for opplæringa, men elevane skal òg lære å ta ansvar for seg sjølve og kvarandre. Litt etter litt skal dei òg lære å vere med på dei avgjerslene som blir tekne.
Læring ... .. er noko som skjer i og med eleven .. er arbeid .. krev motivasjon, arbeidsro og trivsel .. bygger på meistring | Vurdering ... .. gir retning for det vidare læringsarbeidet .. av læring fortel kva kompetanse eleven har .. for læring viser tydeleg korleis eleven kan utvikle seg vidare .. som læring byggjer på eleven si evne til eigenvurdering |