Ordensreglar for Godøy skule

Ved skulen vår ønskjer vi å ha eit godt læringsmiljø prega av respekt, trivsel og medansvar. Dette for å få eit godt utbytte av opplæringa.

Ordensreglane gjeld i skuletida, på veg til og frå skulen, på tilstellingar og turar som skulen står for.

 

  • Vis respekt for alle i skulesamfunnet, både gjennom handling og språkbruk. Til dømes er banning ikkje akseptabelt.
  • Gjer dei oppgåvene du blir pålagt, og rett deg etter det dei tilsette i skulen ber deg om.
  • Møt presis til undervisningstimane, og ha med deg det utstyret du treng.
  • Gjer ditt til at det er arbeidsro i timane.
  • Ta vare på lærebøker og anna skulemateriell, og stell fint med innbu og bygningar. Hald det fint og ryddig rundt deg både inne og ute.
  • Mobiltelefon skal vere skrudd av og plasserast i mobilskapet om morgonen. Apple klokker skal også plasserast i mobilskapet.  
  • Skulen sitt IKT-reglement og IPad kontrakt skal følgjast.
  • Det er ikkje lov å ta bilete, film eller gjere lydopptak av nokon utan å be om løyve på førehand.
  • Snop, brus eller energidrikk er ikkje lov utanom spesielle anledningar avklart med skulen.
  • Skateboard, rollerblades eller el. sparkesykkel skal ikkje nyttast innandørs eller inne på skuleområdet.
  • Syklane skal parkerast ute på tilvist område.
  • Snøball skal berre kastast på tilvist område.
  • Rusmiddel, snus og røyk skal ikkje brukast på eller ved skulen, eller ved arrangement som skulen står for.
  • Ikkje gå utanfor skuleområdet utan avtale.
  • Kniv, våpen eller andre farlege gjenstandar er ikkje lov å ta med på skulen. Dette blir beslaglagt av skulen.

 

Om elevar bryt ordensreglane, er desse reaksjonane aktuelle:

  • Påtale av tilsette på skulen
  • Samtale med kontaktlæraren din
  • Ved gjentekne brot på ordensreglane kontaktar vi foreldre / føresette enten munnleg og/eller skriftleg.
  • Du kan få pålegg om å sitje att på skulen etter skuletid. Føresette vil då få melding om dette.
  • Du kan få pålegg om å sitje inne i administrasjonen i friminuttet.
  • Ved bråk og uro i gruppa kan du bli bortvist frå resten av timen utan å få undervisning.
  • Ved brot på skulen sine ordensreglar for mobiltelefon vert den tatt inn og ikkje levert ut igjen før undervisninga er slutt den dagen. Heimen blir kontakta.
  • Dersom mobiltelefon vert nytta til fotografering eller lydopptak utan at det er gitt løyve til det, vert mobiltelefon bli tatt inn. Foreldre blir bedne om å ta kontakt med skulen før telefonen vert levert ut igjen. Dersom det er mistanke om at fotograferinga / lydopptaket er krenkande, skal rektor vurdere om politiet skal kontaktast.
  • Brot på skulen sitt ikt-reglement, IPad kontrakt, ulovleg bruk av sosiale medier i undervisningstida kan føre til utestenging av skulen sitt nettverk og inndraging av IPad for ein periode.
  • Dersom du øydelegg inventar, utstyr, materiell, skulebøker, evt. Rotar bort dette, kan det blir krav om erstatning. Det kan vere aktuelt å gjere opp for seg ved å utføre reparasjonsarbeid etter skuletid.
  • Rusmiddel og tobakk blir beslaglagt og kan utleverast til dei føresette dersom dei ber om det innan ei veke. Deretter blir beslaget destruert. Ulovleg rusmiddel blir overlevert til politiet.
  • Våpen eller farlege gjenstandar blir beslaglagt av skulen. Rektor avgjer om saka skal meldast til politiet.
  • Ved alvorleg brot på reglane kan du bli bortvist frå skulen inntil tre dagar. Rektor tek denne avgjerda etter å ha rådført seg med lærarane til eleven.

 

Reglane er basert på Foreskrift om ordensreglement for skulane i Giske kommune  - Fastsett av Giske kommunestyre 30.04.15.

Forskrift om ordensreglement for skulane i Giske kommune - Hovedportal

 

Godkjent i SU 10.11. 2021