Spesialundervisning

Etter opplæringslova har alle elevar rett på spesialundervisning om dei ikkje kan nyttiggjere seg av ordinær undervisning. For desse elevane, er rådgivarane i pedagogisk psykologisk teneste, PPT, sakkunnig instans. PPT gjer kartlegging av eleven sine vanskar, og skriv ein sakkunnig rapport som er summert opp i enten ei tilråding om rett til spesialpedagogisk undervisning, eller tilråding om ikkje rett til spesialpedagogisk undervisning. Ut frå tilrådinga fattar skuleeigar med delegert mynde til einingsleiar enkeltvedtak for eleven. Enkeltvedtaket blir vidare satt i kraft av kontaktlærar og andre tilsette ved skulen ut frå tilrådinga og vedtaket, og kontaktlærar skriv individuell opplæringsplan, IOP, for eleven i samråd med  eleven sjølv og foreldra. IOP er eit levande dokument gjennom skuleåret der mål, tiltak og evaluering er skissert. IOP blir evaluert gjennom ein årleg rapport som blir ferdigstilt etter elev- og utviklingssamtale om våren. Årsrapporten blir ferdigstilt før sommarferien, og dannar grunnlag for eleven sin kommande IOP, eller om det spesialpedagogiske arbeidet bør avsluttast. Ved endringar, er det PPT sine tilrådingar som dannar grunnlag for vidare arbeid med den spesialpedagogiske undervisninga for eleven. 

Du finn meir informasjon om PPT sitt arbeid på Giske kommune sine heimesider.