Elevrådet ved Giske ungdomsskule

Klassene velger kvart år elevrådsrepresentant og vara. I år er det 14 klasser, og like mange elevrådsrepresentantar som møter i elevrådet. Vi vel leiar, nestleiar og vara som utgjer elevrådsstyret saman med Britt-Aina Kleivan-Roald. Britt-Aina er den tilsette på skulen som har ansvaret for å følgje opp elevrådet.

Elevrådet arbeider i hovudsak med trivselsfremmande tiltak på skulen. Skulen har tradisjonar som turneringar i fotball, sjakk og bordtennis, Luciatog, nissedag med julegraut, set opp juletre i streeten, lager Halloween-tunell, set opp musikal og arrangerar akrivitetsdag for heile skulen med grilling og is for å nemne noko.

Elevrådsrepresentantane tar med saker frå klassen til elevrådet og omvendt. Elevrådet behandlar sakane, og koplar inn folka som trengs for å komme vidare i ei sak.

Elevrådet har inntekter frå elevkantina som klassene driv på dugnad. Pengane går til klasseballar, premiar til turneringar og til leige av vannautomat som står tilgjengeleg for alle i streeten. Våren 2020 kjøpte elevrådet inn veggmåling til kantina slik elevar med arbeidslivsfag og redesign kunne pusse opp.

Elevrådet er aktive i politiske saker som angår skulen og elevane.