Når vi no er inne i ei tid med mykje usikkerheit og uvisse, er det viktig at vi som foreldre klarar å vere trygge og gode vaksne for barna våre. Dette gjer vi best ved å forsøke å halde oppe ein så «normal» struktur på kvardagen som mogeleg. Er vi redde og bekymra vil barna våre merke dette. Forsøk å skaffe deg den tryggheita du treng sjølv for å vere ei god støtte for barna.
Lytt til barna si uro, og forsøk å møte denne med aksept og forståing. Det er ikkje alle spørsmål vi kan svare på, men barna treng først og fremst å bli møtt og forstått i følelsane sine. Barna våre treng også informasjon om det som skjer, men dei treng det gjerne gjort forståeleg og tilpassa av sine foreldre. For mange barn er det godt å vite kva dei kan gjere for å for eksempel hindre smitte. Nyheitene kan formidle skremmande og uforståelege nyheitsbilete, ver påpasseleg med å bruke avknappen og med å hjelpe barna med å forstå.
Det finns fleire gode nettsider som kan vere til støtte for foreldre til å svare på spørsmål om coronaviruset. Under ligg det lenkar til sider om dette.
Korleis snakke med barn og unge om Corona :
https://krisepsykologi.no/hva-kan-vi-se-til-barn-om-coronavirus/
https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/rad-om-a-snakke-med-barn-og-unge-om-koronavirus-covid-19
Pass også på å følgje med på kommunen sine sider for daglege oppdateringar, informasjon og oppfordringar til befolkninga?
https://www.giske.kommune.no/koronavirus/informasjon-og-oppfordringar-til-befolkninga/
Lag struktur på dagen
Lag gode rutinar. Prøv å oppretthalde ei normal døgnrytme. Dette får vi elles god hjelp til av jobb, barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Finn gode måtar å organisere «heimekontor» for vaksne og skulebarn. Barnehagebarn treng og å halde på ein god struktur, med leik og aktivitet både ute og inne. Hobbyar og små prosjekt i heimen kan vere fine å dele på og gjere saman. Reglar om når det er ok å få tilgang til t.d. speling og TV kan vere lurt å bli einige om. Forsøk å halde mest mogleg på dei vanlege rutinane.
Sørg for dagleg fysisk aktivitet og dagslys
Barna (vi vaksne og) treng friminutt, aktivitet og frisk luft. Ver kreativ og bruk nærmiljøet. Livet i isolasjon kan lett bli prega av mykje stillesitting. Fysisk aktivitet, turar i naturen og dagslys verkar positivt inn på psyken og på søvn. Ved uteaktivitet, følg Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.
Oppretthald «sosial» kontakt
Sjølv om du er i heimekarantene eller isolasjon, er det mogeleg å snakke med andre gjennom sosiale medier og telefon. Sosiale media og spel kan vere gode alternative arenaer for barn og ungdom å vere saman på. Rammene for dette, er det lurt å gjere seg gode avtalar om. Det er naturleg at ein må sleppe meir opp på reglane kring dette no enn vanleg, barn og unge treng å få halde kontakten med kvarandre.
Ha det hyggeleg saman som familie
Aktivitet saman er også viktig. Nytt denne spesielle tida til å gjere kjekke ting saman som familie. Forsøk å finn på aktivitetar å gjere saman som skapar latter og god energi. Nytt anledninga til å gjere deg kjent med barnet ditt sine interesser, kanskje oppdagar ein og nye ting ein kan like å gjere saman.
Hugs – det vil gå bra sjølv om mykje er annaleis i periode framover