Skulen sin pedagogiske praksis er tufta på opplæringslova og Kunnskapsløftet 2020 (LK20) saman med Kvalitetsplan for oppvekst i Giske kommune. Giske ungdomsskule er i prosess med å utarbeide ny visjon og pedagogisk plattform. Visjonen og plattforma skal seie noko om læringssyn og elevsyn, og skal vere ein raud tråd hjå alle tilsette og i læringsaktivitetane.
LK20, den nye læreplanen, trer i kraft hausten 2020. Utdanningsdirektoratet set føringar for korleis elevane skal lære ut frå ei verd i stadig endring, stadig raskare endring, og har såleis lagt vekt på morgondagens kompetansebehov. Den nye læreplanen peikar i retning av meir utforskande læring, ei aktiv elevrolle, for djupnelæring og eleven som skal meistre eige liv her og no og for framtida.
Gjennom felles utviklingstid kvar veke, arbeider tilsette ved skulen samla eller i faggrupper for å omsette LK20 til oppgåver, aktivitetar og planar for elevane ved skulen. Vi har også faste avdelingsmøter vekentleg der tilsette på kvart trinn sit saman og arbeider med opplegg og saker som vedkjem trinnet.
Publisert 04.10.2020 18.51