Barneskulane i Giske nyttar IPAD i undervisninga. Giske ungdomsskule har frå skuleåret 2024-25 gått over til PC. Elevane får kvar sin PC utdelt ved starten av nytt skuleår. PC er eleven sitt viktigaste digitale verktøy gjennom heile ungdomstrinnet. PC er også arbeidsverktøy til eksamen i tråd med gjeldande eksamensform.
Læringsplattforma vår er Showbie, og er den same som elevane er vande med å bruke i barneskulen. I Showbie lagar lærarane «rom» for kvart fag og for Arbeidsplanen. Arbeidsplanen er vårt reiskap for å strukturere veka for elevane, og gir oversikt over fag, innleveringar, lekser, framføringar, prøver, turdag eller anna som er relevant for elevane i si planlegging, gjennomføring og evaluering.
Skuleåret 2024-25 har vi starta ei overgangsperiode som skal vare dette skuleåret. Frå skuleåret 2025-26 skal elevane gå over til TEAMS som læringsplattform. I løpet av skuleåret 2024-25 vil dei ulike trinna jobbe med dette. 8. trinn er allereie i gang.