Årlege elevundersøkingar
Publisert 04.10.2020 18.57
Giske ungdomsskule gjennomfører årlege elevundersøkingar. Nokre obligatoriske, og andre er lokalt forankra.
- Nasjonale prøver er obligatoriske prøver som gir informasjon om lesing, rekning og engelsk. Prøvene blir gjennomført på 8. og 9. trinn gjennom Utdannningsdirektoratet sin digitale portal. Prøvene blir skåra, og skulen hentar ut resultata opp mot eit nasjonalt snitt. Prøvene er delt inn i ulike kompetanseområder, og i etterkant arbeider skulen og teama med å sette inn tiltak for elevane ut frå det prøveresultata viser.
- Elevundersøkinga er obligatorisk og utarbeidd av Utdanningsdirektoratet. Skulen gjennomfører elevundersøkinga kvar haust. I undersøkinga får elevane sei si meining om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre. Undersøkinga er administrert gjennom Udir sin nettportal.
- Ungdata er nasjonale undersøkingar som Velferdsinstituttet NOVA saman med Oslo Met har regi for. Undersøkinga blir gjennomført om lag kvart tredje år, og elevane svarer på spørsmål omkring både skule og fritid. Det er Helsedirektoratet som finansierer arbeidet. Etterarbeidet i Giske er leia av kommuneadministrasjonen i samarbeid med skulen.
- Klassetrivsel er ei undersøking som skulane i Giske er oppfordra til å bruke av skuleeigar. Undersøkinga er gjennomført om hausten, og spørsmåla går på trivselen til eleven knytt til eiga klasse. Skuleeigar vurderer undersøkinga opp mot nye reglar for GDPR (personvern).