I Noreg er det lovfesta nulltoleranse for krenkingar som mobbing, vald, trakassering og diskriminering. Ifølgje opplæringslova § 12-2 har alle barn rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, trivsel og læring.
Mobbing kan kome i mange ulike former:
- Verbal (kallenamn, skjellsord, henge ut)
- Sosial (kroppsspråk, blikking, avvisning, utfrysning)
- Materiell (få øydelagt klede eigendelar o.l.)
- Psykisk (bli truga, latterleggjort, lurt eller tvungen til å gjere noko)
- Fysisk (bli slått, dytta eller sparka)
- Digital (bli hengt ut eller haldt utanfor på nett)
På Giske ungdomsskule arbeidar vi slik for å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing.
- Førebyggje (trivselsaktivitetar, klassereglar, informasjon om paragraf 9A på foreldremøte i starten av skuleåret, elev/føresette signerer mobbekontrakt)
- Avdekke (vakthald, elevsamtalar, utviklingssamtalar, samarbeid heim-skule)
- Stoppe (kontaktlærar + inkluderingsteam lager aktivitets- og tiltaksplan og har jamnlege samtalar med mobbar og mobbeoffer).