Om skulen

Giske ungdomsskule vart bygd i 1971 og har elevar frå Godøya, Giske, Vigra og Valderøya. Skulen vart påbygd og renovert i 2006, og har i dag lyse, moderne undervisningslokale. Dei seinare åra har det vore satt opp modulhus der ein har klasserom, grupperom, musikkundervisning, gamingrom og naturfagslab. 

 
I år har skulen 360 elevar fordelt på tre trinn, med fire til 5 klasser på kvart trinn. 
Kvart trinn har sitt "heimeområde" i skulebygga med  klasserom og grupperom. Kvar klasse har to kontaktlærarar. Lærarane og fagarbeidarar/assistentar/miljøterapeut/spesialpedagog/rådgivar er delt inn i team - eitt team per klassetrinn. Teama har sine arbeidsrom og møterom i nær tilknyting til elevane sitt areal.

Utviklingsområde for skulen
I arbeidet med å utvikle skulen har vi sterkt fokus på elevane sitt læringsutbyte, og vi er opptekne av å utvikle gode læringsmiljø der elevane arbeider aktivt for å lære. Dette er uttrykt gjennom skulen sin visjon og plattforma den står på:
 
Visjon:

SAMAN INN I FRAMTIDA 

Betyr: At vi skal skape eit fellesskap der alle høyrer til, og gi kvarandre verktøy til å handtere livet no, og i framtida. 

GOD NOK 

 Betyr: At vi skal skal kjenne til våre styrker og utfordringar, og setje oss realistiske mål slik vi når           utviklingspotensialet vårt. At å gjere vårt beste er godt nok, og at verdiane våre ikkje blir målt i karakterar. 

INKLUDERANDE 

Betyr: At vi skal skape ei kjensle av å høyre til fagleg og sosialt. 

SKAPANDE: 

 Betyr: At vi er aktive i praktiske- og kreative prosessar der vi får fram nye idear gjennom varierande                 oppgåver og metodar. 

KREATIV 

Betyr: At vi kan tenkje utanfor boksa og har evne til å løyse utfordringar på vår eigen måte. 

ENGASJERANDE 

Betyr:  At vi skal gjere det kjekt å lære og kjekt å undervise gjennom varierte og utforskande metodar. 

 
For kvart skuleår har skulen område der ein ønskjer å ha ekstra fokus. Dette er prioriteringar basert på eigne erfaringar og kommunale og sentrale føringar.
Det er svært viktig at foreldra bidreg til utvikling av skulen gjennom god oppfølging av elevane sine. Både forskning og erfaring syner at foreldra sitt engasjement er viktig for eleven sitt resultat. Gjennom å støtte opp om skulen sitt arbeid og stille klare forventningar til elevane om å anstrenge seg og gjere sitt beste, er foreldra med å skape det gode læringsmiljøet vi ønskjer  ved Valderøy ungdomsskule.

Vi ser fram til eit godt samarbeid til beste for elevane våre.