Til alle føresette til elevane på Valderøy ungdomsskule

Undervisninga for elevane våre startar kvar dag kl 09.00. Då må elevane vere pålogga via iPaden sin og ha lærebøker og skrivesaker klare. Dei må gå inn på Showbie og finne fram arbeidsplanen sin. Lærarane vil vere pålogga frå kl 08.00 til 14.00 kvar dag. De kan også nå dei via telefon. Skuledagen for elevane varer fram til kl 14.00. Elevane vil få prosessorienterte oppgåver i ulike fag, der dei leverer inn via Showbie og får framovermeldingar og vurderingar frå faglærar. De må som vanleg melde frå via Transponder ved t.d. sjukdom. Vi ber dykk også melde frå dersom ein elev treng ekstra oppfølging for å få gjort skulearbeidet. Elevar med spesielle behov, vil få tilpassa arbeidsplan, og nokre vil få dagsplanar. Kontaktlærar vil på slutten av kvar veke ta kontakt med de føresette for å få tilbakemelding om korleis veka har gått, slik at vi kan vurdere evt justeringar. Kontaktlærar vil også ta kontakt med elevane sine minst to gonger i veka for å høyre korleis det går. Faglærarane vil vere tilgjengeleg for fagleg hjelp i sine fag, og dei vil ta direkte kontakt etter behov. Heilt til slutt vil eg ønskje oss alle lukke til i denne vanskelege perioden vi har framføre oss.