Informasjon til føresette ved Valderøy ungdomsskule vedr. koronasmitte 12.03.2020

Sjå etter pressemelding frå Giske kommune!

Alle skular og hallar i Giske kommune vil vere stengd f.o.m. fredag 13.03.20 og til over påske.

Lærarane vil bruke fredag 13.03. til å planlegge nettbassert undervisning framover. Sjølve heimeundervisninga vil starte for fullt måndag 16. mars. Det er då viktig at elevane er klar til å jobbe med skulearbeid, og vere i kontakt med lærarane sine i skuletida kvar dag. Dei må altså vere logga opp på nettet og jobbe med skulearbeid som dei får tilsendt. Lærarane vil også vere tilgjengeleg for elevane heile skuledagen via nettet og på telefon. Elevane tek i dag med seg heim iPad og alle skulebøker slik at dei kan ha heimeundervisning via nettet. Lærarane vil då sende oppgåver heim, og elevane returnerar til lærar via Showbie. Dersom ein elev er borte frå skulen i dag, ber vi om at føresette kjem og hentar utstyret til elevane. Standpunktkarakterar kan ikkje setjast berre ut ifrå den karakteren eleven fekk til jul. Lærarane lagar oppgåvene ut ifrå kompetansemål i faga, slik at ein sikrar å ha karaktergrunnlag til sommaren. Dersom ein elev ikkje leverer arbeidet sitt, kan lærar få problem med å setje karakter, og eleven vil då få «ikkje karaktergrunnlag.» Dette er det same som å få 0 i karakter, så det er viktig at eleven jobbar med skularbeidet framover.

Korleis vi skal løyse dette innan dei praktiske faga, må vi sjå litt meir på seinare.

Info frå Udir om fråvær: (Gjeld 10. trinn som søker om å få stryke fråvær etter gjeldande reglar)

«Midlertidig unntak fra dokumentasjonskravet ved fravær av helsemessige grunner

Ut skoleåret vil elever som har fravær av helsegrunner, slippe å gå til fastlegen for å få dokumentert fraværet. Bakgrunnen for dette er at helsepersonell må prioritere annet arbeid, blant annet med koronaviruset. Helsedirektoratet har bedt om at elever ikke oppsøker fastlegen for å få dokumentasjon på fravær av helsemessige grunner.

Kunnskapsdepartementet har besluttet at unntaket fra dokumentasjonskravet for fravær skal gjelde ut skoleåret 2019/2020. Fra skolestart høsten 2020 vil de vanlige kravene til dokumentasjon igjen være gjeldende.

Foreldre til elever under 18 år og elever som er myndige, kan selv skrive egenmelding. Unntaket fra fraværsreglene gjelder fra 4. mars 2020. Endringen gjelder både for fraværsgrensen i videregående, og for føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskolen og videregående.»

Symptoma er: Hoste, feber, tung pust.

Dersom elevar/familiar blir smitta, må de varsle skulen sjølv om skulen er stengt. Bruk Transponder om du har behov for å ta kontakt med skulen i denne perioden. All bruk av skulebygget er også stengt på ettermiddag- og kveldstid.

Lærarane vil vere på jobb, men jobbe heimanfrå. Spørsmål om den nettbassert undervisning kan stillast til kontaktlærar eller faglærar som vanleg.

Dersom ein i familien er i karantene, treng ikkje resten av familien å vere det dersom ikkje den eine har symptom. Er ein usikker, så ta kontakt med legen.  Dette iflg. råd frå kommuneoverlegen.

De bør snakke med elevane om god handvask og god hygiene generelt sjølv om dei no skal jobbe heimanfrå. Her gjeld «føre-var prinsippet.» Vi må alle gjere vårt til minst mogleg spreiing.

Mvh Nina Rabben

rektor