Helsing frå rektor

Valderøy ungdomsskule ønskjer alle føresette ei god og vel fortent påske! Takk for at de har stått på for at elevane våre, trass ei svært vanskeleg tid, har vi fått mykje god og tilpassa hjelp i opplæringa! Vi har nok alle lært mykje nytt i løpet av desse vekene skulane har vore stengt, både på godt og vondt. Det å kunne ta ferie og slappe av no, gjer forhåpentlegvis godt for alle. Onsdag 8. april vi vi få meir informasjon m.a. om skulane framleis blir stengt etter påske eller om dei blir opna. Vi legg no planar for begge alternativa.

God påske!