Covid 19, skulekvardagen og halloween

Med bakgrunn i at vi veit av det er smitte i nærområdet rundt oss og at vi går mot ei helg der mange blant anna gjerne vil vere saman i halloween-feiring, finn vi det rett å bringe vidare nokre råd om korleis vi bør handtere smittevernet.

Skulekvardagen

Skulane har organisert skulekvardagen slik at det er klart avgrensa grupper. Ved eit smitteutbrot er dette viktig for smittesporing og kan gjere at ein slepp omfattande karantene for mange. Så langt som råd,

 

  er det viktig at ein óg utanom skuletida avgrensar kontakt utover desse gruppene. Dersom det skulle oppstå smitte, eller mistanke om smitte gjeld desse råda:

  • Er eleven eller familiemedlem smitta eller sjuk, sørg for at kontaktlærar blir informert. Husk FHI sine råd om karantene dersom ein har vore i nærkontakt med smitta.
  • Skolen har beredskapsplaner som dei saman med kommuneoverlege, vil sette i verk.

Kva er ei nærkontakt:

Ein vert rekna som «nærkontakt» dersom …  

  • Ein har  hatt kontakt med ein person som er stadfesta smitta med covid-19 mindre enn 48 timer før den smitta fekk dei første symptoma og kontakta har vore
  • under to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • i direkte fysisk kontakt 

Dei mest utsette nærkontaktane er “husstandsmedlemmer og tilsvarande nære".   Det vil vanlegvis seie dei som:   

  • Bur i same husstand.
  • Har hatt tilsvarande omfattande eller fysisk nærkontakt som i ein husstand (eksempel kan vere kjæraste eller næraste kollegaer i kontorfellesskap).

På linken nedanfor klargjer undervisningsminister Guri Melby dei nasjonale råd som gjeld for barn og unge.

https://www.vgtv.no/video/207285/slik-kan-barn-feire-halloween

Dette er «Knask eller knep-råd» frå Folkehelseinstituttet:

Knask eller knep er ein utendørsaktivitet for barn og unge, og så lenge ein fylgjer smittevernråda er smitterisikoen lav:

  • Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.
  • Gå i små grupper og med dei ein er samen med til vanleg.
  • Hald avstand til andre grupper.
  • Husk reine hender.
  • Vent med å ete godteriet til runden er ferdig og hendene er vaska.
  • Ikkje del godteri.
  • Ha gjerne ein vaksen med på runden for å gjere oppleving trygg både for smittevern og trafikk.
  • https://www.fhi.no/nyheter/2020/halloween-rad/