Implementering av nye fagplanar_"fagfornyinga"

Valderøy barneskule er i full gang med fagfornyinga, målet er at læringspraksisen vår skal endrast. Elevane skal få undre seg, arbeide i djupna, arbeide med komplekse probemstillingar og løyse vanskelege oppgåver saman. Lærarane skal gi elevane dei verktyga dei treng for å lære og arbeide på nye måtar. Tverrfaglegheit, djupnelæring og undring er sentrale omgrep som vi arbeider med. Den nye læreplanen (fagfornyinga) gjeld frå neste skuleår og nå ønskjer vi å prøve ut nye arbeidsformer og nye formar for læring. Vi har knytt til oss eksterne krefter for å få til dette, allereie denne hausten vil vi innleie et samarbeid med NTNU Ålesund. Vi har interessante dagar foran oss!

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På skulen vår er iPad/nettbrett eit sentralt verktyg i læringsarbeidet. Våre elevar arbeider digitalt kvar dag, ikkje for at dei skal arbeide digitalt i seg sjølve, men for at nettbretta gir dei unike moglegheiter for auka læringsutbyte, produksjon og meistring. Samstundes blir dei førebudd på ein digital kvardag utanfor skulen, i arbeidslivet og på heimebane. Denne utviklinga kan ikkje vi som skule vere passive til. Både lærarar og elevar arbeider heile tida med å utvikle ei god praksis med nettbretta. Skulen har eit særskild fokus på opplæring av lærarane. Vi arbeider både med vertygkompetanse og pedagogisk/didaktisk kompetanse. Lærarar og elevar skal altså både bli gode på å nytte verktyga i nettbretta, men også på å utvikle ein anna praksis som legg vekt på eleven som medskapar av læring, eleven som produsent, eleven som kritisk bruker av digitale verktyg og eleven som kritisk deltakar på digitale arenaer. Skulen arbeider med å endre både lærarrolla og elevrolla, vi ønskjer å vere førebudd på den framtida vi veit kjem...

Følg bloggen vår, der legg vi ut tankar om utvikling og bruk av nettbrett, både fra elevperspektiv, lærarperspektiv og leiingsperspektiv.

http://brettskulen.blogspot.no/