Henting og levering av elevar "trafikkreglar på skulen"

Trafikkreglar ved Valderøy Barneskule. 

 

For å gjere trafikksituasjonen ved skulen enklare, må alle som leverer eller hentar barna sine vise følgjande omsyn. 

 

  1. Ingen skal parkere i rundkøyringa. Det er lov til å stoppe og setje av elevar, men om du ønskjer å følgje eleven inn på skuleplassen, skal parkeringsplassane ved sida av rundkøyringa nyttast. Dersom det er fullt på denne, er det tilgjengelege parkeringsplassar på sørsida av skulebygninga.  Barn skal ikkje leverast i hovudinngangen utan spesiell avtale!

  1. Det er heller ikkje lov til å parkere på rundkøyringa! 

  1. Dei som treng HC-parkering får tildelt sin eigen plass.  Det vil vere strengt forbode for andre å parkere på denne plassen! 

  1. Sjå til at barna nyttar fortauet. Det er strengt forbode å krysse vegen i rundkøyringa. Hugs at du er eit forbilde og set standarden for både dine eigne og andre sine barn. 

  1. Det hadde vore fint om alle barn kan gå ut av bilen på den sida det er fortau. Dersom dette ikkje let seg gjere, skal ein vaksen hjelpe barnet ut av døra og følgje det opp til fortauet. 

  1. Ved henting er det ofte mange bilar som står og ventar. Vis omsyn! At nokre har dårlig tid vil aldri ver ei akseptabel unnskyldning dersom nokon blir påkøyrd. 

  1. Ei positiv oppmoding om å la barna gå eller sykle til skulen vil bidrege til å redusere biltrafikken på skulen sitt område.

Det er også påbode med hjelm når ein syklar, - dette gjeld også sparkesykkel! Elevar som ikkje følgjer dei sikkerheitstiltaka som er nødvendig i trafikken, (hjelm, refleks, fortau, etc.), vil kunne få problem med forsikringsselskap dersom uhellet skulle vere ute.