Førskuledag torsdag 3.juni!

Velkomen til førskuledag 3. juni 2021 Valderøy barneskule

 

På grunn av smittevern må vi lage ein eigen plan for årets  førskuledag. Vi må slå saman barnehagebesøket og førskuledagen, og barna må kome til skulen i sin barnehagekohort slik at vi unngår å blande barnehagane.

Det er ikkje høve til å følgje barna på skulen denne dagen for dei føresette. Personalet frå barnehagen vil  vere med elevane.

Barna som går på Nordstrand, Skjong og Daggry skal møte på Valderøy barneskule kl. 09.00. Dei møter ved F – garderoba bak skulen.

Barna som går på Sætra og på Myra møter kl. 10.15. Dei møter ved uteamfiet nord for skulen.

Første pulje vil vere på klasseromma sine fram til kl. 10.15. Kl. 10.15 går dei ut og møter dei andre barna frå andre barnehagar som skal gå i same klasse ute. Vi stiller opp med avstand.

Faddarane frå 5.trinn kjem ut kl 10.15 og helsar på barna (på avstand) og syng ein song (eller heiarop) til dei nye elevane.  

Elevane får då sjå si nye klasse og kven dei skal gå i klasse med, men vi kan dessverre ikkje legge opp til felles aktivitet.

Etterpå går barnehageborna frå Sætra og Myra inn på sine klasserom (ca kl 10.30) og får møte lærarane sine, medan borna frå Nordstrand, Skjong og Daggry retunerer til barnehagen. Den siste pulja er ferdig ca kl 11.30.

 

 

Mvh

 

Terje Austnes

Rektor

Valdrøy barneskule