Foreldremøte Tysdag 11. august 2026, 18.00 – 19.30 på Valderøy barneskule
Charlotte Lunde forklarer korleis leik, som er den føretrekte læringsforma til barn og unge, er heilt avgjerande for utviklinga av hjernen og gir det beste grunnlaget for vidare læring både i skule og arbeidsliv. Lege og barne- og ungdomspsykiater, Charlotte Lunde gir innsikt i betydninga av leik for både helse og utvikling.
Gjennom forsking og personleg erfaring forklarer ho kvifor leik er barns viktigaste studietid, kvifor vaksne også treng å leike og korleis leiken kan spela ei rolle i å førebyggje psykiske lidingar. Foredraget gir innsikt i korleis leik kan førebyggje psykisk sjukdom og fremje utviklinga av viktige kapasitetar som merksemd og motivasjon. Dette foredraget er basert på forsking og passar for barnehagar, skular, kommunar, organisasjonar og foreldre. Foredraget tek utgangspunkt i boka «Leik og læring i eit nevroperspektiv – Korleis gode intensjonar kan øydeleggja barns lærelyst» som ho skreiv med professor i nevroanatomi Per Brodal i 2022.