KOFFOR DET?

Tett på realfag er regjeringa sin strategi for auka kompetanse i realfag, og den er gjeldande frå 2015 til 2019. Giske kommune har vore med i satsinga frå start, hausten 2015.

Realfagsstrategien har fire overordna mål:

1. Barn og unge sin kompetanse i realfag skal bli betre.
2. Andelen barn og unge på lavt nivå i realfag skal bli redusert.
3. Fleire barn og unge skal prestere på høgt og avansert nivå.
4. Barnehagelærar og lærar sin kompetanse i realfag skal aukast.

Giske kommune ønska å stimulere og ta vare på det undrande barnet og valde derfor "KOFFOR DET?" som tittel for arbeidet. 

Godøy skule har i dette prosjektet jobba med utforskande undervisning ved bruk av rike oppgåver. 

Gjennom utforskande (inquiry basert) undervisning skal elevane utforske og undersøke ei matematisk problemstilling. Dei skal planlegge løsningsmetodar, forklare og begrunne løysingane, og oppmuntrast til å stille nye spørsmål som dei skal prøve å finne svar på. Utforskande undervisning skil seg frå undervisning basert på eit oppgåveparadigme, der elevane lærer korleis dei skal løsye oppgåvene, men ikkje kvifor metoden virker.

Følg gjerne Realfagskommune Giske på Facebook. 

Artikkelliste