Kva kan heimen gjere for å skape eit godt klassemiljø?

Eit godt klassemiljø gir eit godt læringsmiljø. Miljøet i klassa blir ikkje berre påverka av det som skjer i løpet av skuledagen. Heimen spelar ei vesentleg rolle i å bygge gode klassemiljø.

Sosialt nettverk/kameratar

  • Vidarefør gode haldningar og verdiar, ver raus og inkluderande.
  • Ikkje ekskluder eit barn (eks. fordi det kanskje er noko du ikkje likar ved det barnet, eller barnet si familie).
  • Dersom du ser eller høyrer at eit anna barn enn ditt stadig vekk blir ståande utanfor, bry deg! Snakk med ditt barn og ev. kameratar om det du ser.
  • Bevisstgjer, ved å ta det opp, diskutere, stille spørsmål: Er dette riktig? Korleis opplevast det for han eller henne? Tenk om det var du som sto utanfor? Kva kan du/de gjere?
  • Lær barnet ditt å avvise på ein skånsam måte.
  • Ein skal nødvendigvis ikkje vere bestevenn med alle til ein kvar tid, men ein skal vise respekt for den andre og ikkje vere ufin eller stygg med nokon.

Konfliktløysing

  • Konfliktar er ein del av livet, det er korleis vi lærer å takle dei som er avgjerande.
  • Vi må hjelpe og lære barna å handtere desse på ein god måte.
  • Vi må ikkje overta konflikten eller løyse dei for dei. Still heller spørsmål, få dei til å tenkje sjølv på eventuelle løysingar. Barn er ofte vant med at vaksne ordnar opp (foreldre/lærarar).
  • Lær barna å sette ord på følelsar i ein konflikt, hjelp dei til å prate saman om korleis dei opplever konflikten.
  • Forsøk å ha ein lav terskel for å ta kontakt med andre foreldre dersom der er gjentekne konfliktar mellom barna.
  • Vit at der alltid er to sider av ei sak.
  • Når det gjeld “småkonfliktar” blant barna kan det vere lurt å ikkje overdramatisere konfliktane.
  • Det er greitt å ikkje vere bestevenner heile tida. Ein treng kanskje litt tid, så kan det vere at konfliktar løyser seg av seg sjølv.
  • Sosialt samvær består også av konfliktar, vi må ikkje vere så redde for dei. Det er greitt å ha fleire vener å spele på i periodar.