Skuleskyss

Skuleskyss til Godøya 

• Avgang Juv: kl. 07:50, ankomst Godøy kl. 07:58
• Avgang Alnes kl. 08:08, ankomst Godøy kl. 08.12

• Avgang Godøy skule kl. 13.10 - til Alnes kl. 13.15 og Juv kl. 13.30 
• Onsdag avgang Godøy skule kl. 11.55 - til Alnes kl. 12.00 og Juv kl. 12.15

Elevar som har meir enn 4 km til skulen (2 km for 1. klassingar) har rett til gratis skuleskyss. Elevar kan og ha rett på skyss på grunn av farleg skuleveg. Ved Godøy skule har vi også gitt 2. klassingar same grense som 1. klasse (2. km.). Elevar med varig eller midlertidig nedsett funksjonsevne, kan ha rett på skuleskyss uavhengig av avstand til skulen. 

Det er Møre og Romsdal Fylkeskommune som har ansvar for skuleskyssen i fylket, og har eigne system som reknar ut kven som har rett til skyss. Skoleskyss i grunnskole (mrfylke.no)

Elevar som bur hjå foreldre med delt omsorg har rett på skyss til begge adresser. For å gjere sin rett gjeldande må delt omsorg dokumenterast, og kopi av avtale leverast på skolen. Skjema for avtale om delt bustad kan ein få frå skulen. Samværsordning gjev ikkje skyssrett.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvar for skuleskyssen. Skulane melder inn skyssbehov for elevane. Dersom du meiner at ditt barn har rett til skuleskyss, kan du ta kontakt med Berit Nyvoll beritn@giske.kommune.no

Elevane får digitale skuleskysskort som gir rett til skyss til og frå skulen ved skulen si ordinære start og sluttid.  

Dersom elevane mister busskortet må dei gi beskjed til kontaktlærar så snart som råd.

Kjøp av busskort

For elevar som ikkje har rett til skyss er det mogleg å kjøpe reisekort i nettbutikken på Fram (frammr.no).  Ein kan bestille kortet og alt i nettbutikken, eller ein kan be ein bussjåfør om å få eit kort å fylle på det i nettbutikken. Det er viktig å merke seg at ein må fylle på kortet dagen før ein skal reise for at det skal bli registrert. Om bord i bussen skal elevane då kunne registrere kortet på kortlesar ved påstigning, og kortet blir då automatisk oppdatert.