Rett til trygt skulemiljø

Rett til trygt skulemiljø

Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. 

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra.  Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg

  • seie frå til rektor

  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla for skulen si aktivitetsplikt. Les også meir om dette på https://www.fug.no/

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som arbeider på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal da varsle skuleeigaren, som vil følgje opp saka vidare. 

Melde saka til Fylkesmannen

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Fylkesmannen.

  • Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen

  • Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor

  • Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no

Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen. 

Kva kan Fylkesmannen gjere?

Dersom Fylkesmannen meiner at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skulen skal gjere for at eleven får eit trygt og godt skouemiljø. Fylkesmannen skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter dersom skulane ikkje følgjer opp.

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar

www.nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein  elev  opplever mobbing. 

Mobbeombodet er ei ombodstenesta som skal sikre at born og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gi støtte og rettleiing til born, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjoner. I tillegg jobbar dei med forebygging og bidreg gjerne med kurs og foredrag på ulike områder.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet som har teieplikt.

Slik når du dei:

Tlf.:      712 80 433 / 911 40 259

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Du kan følge mobbeombudet på Facebook: www.facebook.com/mobbeombodetmr

For mer informasjon om mobbeombodet, se www.mrfylke.no/mobbeombodet