Kvar dag gjeld - Rettleiar for førebygging og oppfølging av skulefråvær
Formålet med denne rettleiaren er å sikre at alle skulane i Giske har felles rutinar ved bekymringsfullt fråvær som skal sikre auka skulenærvær. Vidare er det eit mål med rettleiaren å støtte skulane om at det er viktig å setje inn tiltak så tidleg som mogleg og gjerne også i samarbeid med andre instansar/hjelpetenester i kommunen.
I ny opplæringslov av 2024 har kommunen og fylkeskommunen ei plikt til å sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgt opp både i grunnskulen og i vidaregåande. Plikta til å følgje opp gjeld alt fråvær og frå første dag ein elev er borte frå opplæringa. Ved å styrkje oppfølginga av elevar med fråvær blir moglegheitene betra til å fullføre og bestå opplæringa.
Fråvær blir beskrive å vere ein av dei viktigaste indikatorane for om elevane trivst på skulen og lærer det dei skal. Det er derfor viktig at skulane har gode rutinar for førebygging og oppfølging av elevar med fråvær.
Målgruppa er alle tilsette i skulen, føresette og støttetenestene til skulen i saker som omhandlar bekymringsfullt fråvær. Vi ønsker at planen skal bli ein nyttig rettleiar og eit oppslagsverk for arbeidet med bekymringsfullt skulefråvær i Giske kommune.
Planen kan du laste ned her