For nye foreldre

Under har vi prøvd å samle informasjon nye foreldre ofte lurar på når dei vurderar å søkje plass ved Giske barnehage.

  • Å søkje på barnehageplassen gjerast digitalt i Giske kommune. Ein må logge inn på oppvekstsportalen, ein logger inn med ID-porten.
  • Ein må søkje om plass innan 1. mars for å vere med i hovudopptaket. Giske barnehage følgjer Giske kommune sine vedtekter når ein prioritera kven som får plass. 
  • Prisen på barnehageplass fastsettast av eigar, stortinget sett ein makspris ein kan ta for ein barnehage og dei fleste barnehagar har denne maksprisens om betalingsats. I tillegg har som regel barnehagar andre betalingsatsar som kostpengar og eventuelle bleiepengar. I Giske barnehage følgjer vi makspris satt av stortinget og frå 1. januar 2023 er det 3.000 kroner.
  • Kostpengar skal berre dekke utgiftar til mat og førebuing av mat og det er satt til 390 kroner i Giske barnehage for 2023.
  • Om barnet brukar bleier kan foreldra velje å nytte seg av bleieavtalen til barnehagen. Då betalar ein 150 kronar i månaden for bleier og klutar barnehagen kjøp inn. Barnehagen nyttar bleier frå Libero Touch og uparfymerte premium klutar frå Tork.
  • Om ein har fleire barn i barnehage blir det gitt moderasjonsordningar slik at ein får redusert pris. Heimar med låg inntekt kan også søkje om redusert betaling. Les meir om dette her.

Ein kan alltid ta kontakt med barnehagen om ein lurar på noko.
Einingsleiar kan nås på telefon 417 02 367 eller e-post ved giske.barnehage@giske.kommune.no