Vedtekter

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtatt i Giske kommunestyre 11.05. justert 07.09.10, 15.12.11 og 15.12.2016

Barnehagelova § 15 slår fast at kvar barnehage skal ha vedtekter som regulerer tilhøva mellom barnehagen og foreldra. Barnehagen skal drive i samsvar med lov om barnehagar og gjeldande forskrifter, blant desse rammeplanen. Vedtektsendringar skal godkjennast i samarbeidsutvalet og i komité for oppvekst. Lovendringar vil til ei kvar tid bli innarbeidd av rådmannen. 
 
1. EIGARFORHOLD Giske kommune eig og driv dei kommunale barnehagane. 
 
2. FORMÅL Barnehagen skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmogelegheiter i nær forståing og samarbeid med heimen. Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd. 
 
3. GODKJENNING AV BARNEHAGAR Etter lov om barnehagar § 10 er kommunen ansvarleg for godkjenning av barnehagar i tråd med lov og forskrift. Alle barnehagar skal vere godkjent av kommunen før verksemda kan starte.
 
4. FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL Alle barnehagar skal ha foreldreråd og samarbeidsutval. Alle føresette i barnehagen utgjer foreldrerådet. Foreldrerådet vel to representantar til samarbeidsutvalet, SU. Øvrige SUrepresentantar er to tilsette, og inntil to representantar for eigar. Funksjonstida for foreldre og tilsette er eitt til to år, og eigarrepresentantane er valde for fire år. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Styrar har møte-, tale- og forslagsrett i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet skal vere rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Barnehageeigar skal sørgje for at viktige saker blir lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet, jfr. barnehagelova § 4.  
 
5. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL Barnehagane følgjer til ei kvar tid statleg norm for leike- og opphaldsareal. Per dato er norma 4 m2 for barn over tre år og 5,3 m2 for barn under tre år. Leikeareal ute er seks gongar leike- og opphaldsarealet inne.  
 
6. OPNINGSTID, OPPHALD OG FERIE Barnehageåret startar 15. august og sluttar 14. august. 
Giske kommune tilbyr 100% og 80% barnehageplass, 5 og 4 dagar per veke. Opningstida er inntil 10,25 timar måndag til fredag. Opningstida i den enkelte barnehagen blir regulert ut frå påmelding kvart barnehageår. 
 
Barnehagen er stengt 5 planleggings- eller studiedagar i året, desse gjort kjent i barnehageruta.  
 
Dei kommunale barnehagane er stengt dei tre siste vekene i juli. 
 
Barna skal ha 4 veker ferie kvart år, 3 av desse skal takast samanhengande i skulen sin sommarferie. Unntak frå dette må vere avtalt med barnehagen. Barn som skal starte på skulen må ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. 
 
Kommunale barnehagar alternerer med å halde ope i romjula og kvardagane i påskeveka slik det alltid er eit tilbod. 
 
7. OPPTAK AV BARN Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad i hovudopptak rett til å få barnehageplass frå august jfr. barnehagelova § 12. Barn som fyller ett år i september eller oktober det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år. 
 
Tildeling- og avslag på søknad om plass i barnehage er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Føresette som ikkje får tildelt barnehageplass til barna kan klage på vedtaket etter barnehagelova. Klager på opptak blir vurdert på nytt av rådmann på bakgrunn av dei nye opplysningane i saka. Klagenemnda behandlar klagene og er endeleg klageinstans. 
 
Melding om opptak og frist for å søkje skal kvart år annonserast i lokalpressa og på heimesida til Giske kommune. Hovudopptaket skjer om våren og nytt barnehageår startar 15. august. Søknad om plass og endring av opphaldstid skal gjerast elektronisk på www.giske.kommune.no.  
 
Barn får tildelt fast plass fram t.o.m. 14.august før skulestart. Om eit barn skal søkje opphald i anna barnehage, må det søkjast på ordinært vis, og søknaden blir behandla på lik linje med andre søknader. 
 
Giske kommune har administrativt opptak delegert til rådmann som fattar vedtak etter innstillingar frå styrarane i barnehagane. 
 
Barn som ikkje får tilbod om barnehageplass kan velje å stå på venteliste. Søkjarar som kjem til å løpet av barnehageåret blir sett på venteliste. Rundt nyttår blir det sendt melding til søkjarane der dei må stadfeste om dei framleis vil stå på venteliste. Rådmannen tildeler ledige plassar frå ventelista i samråd med styrar i barnehagen ut frå vedtektene. 
 
Plassar som er ledige i løpet av barnehageåret blir ikkje lyste ut med mindre ventelista er tom. For barn med deltidstilbod har styrar ansvar for organiseringa i dialog med føresette. 
 
 
OPPTAKSKRITERIUM Barnehagelass blir tildelt etter følgjande opptakskriterium
 
1.  Barn med nedsett funksjonsevne, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnvernstenester, jf § 13.  lov om barnehagar av 17.06.05.  
 
2.  Barn med lovfesta rett til plass etter lov om barnehagar § 12 a, prioritert denne rekkjefølgje:
 
A. Barn som etter ei sakkunnig vurdering frå PPT, lege, helsestasjon er tilrådd barnehageplass. Dokumentasjon frå faginstans er kravd.  B. Siste året før skulestart.  C. Barn med særlege behov for barnehageplass på grunn av sosiale, helsemessige eller andre  D. Særlege forhold i heimen.  E. Barn med minoritetsbakgrunn som har behov for språkstimulering.  F. Søsken av barn som har barnehageplass.  G. Barn av tilsette i barnehagen. 
 
3. Ved ledig kapasitet kan det bli tildelt plassar til barn utan lovfesta rett til plass. Prioritering som i punkt 2.
 
Ved samansetting av barnegruppene kan det bli tatt omsyn til alder, kjønn og funksjonsnivå. Opptakskretsen til dei kommunale barnehagane er barn med bustadadresse i Giske kommune. Barn som skal flytte til Giske kommune kan bli tildelt plass i kommunale barnehagar. Barn som flyttar frå Giske kommune kan miste plassen.
 
8. OPPSEIING AV PLASS  Eventuell oppseiing av plass skal skje elektronisk med minst to månaders varsel. Dersom sluttdato for barnet er før den 15. blir det kravd betaling for ein halv månad. Sluttar barnet etter den 15. betalar ein for heil månad. Blir plassen oppsagt etter den 15. april slik at sluttdato for barnet blir etter den 15. mai, betalar ein ut barnehageåret. 
 
Dersom ledige plassar blir disponert av andre barn i oppseiingsperioden, skal det ikkje betalast lenger enn til plassen blir disponert. Det er ikkje høve til å søkje permisjon. 
 
9. FORELDREBETALING  Betaling for opphald i barnehagen skjer etter dei satsane som til ei kvar tid er vedtatt i Giske kommunestyre. Betalinga er for 11 månader i året. Det blir gitt 30 % moderasjon for det andre barnet og 50 % i moderasjon for det tredje eller fleire barn. Søskenmoderasjon blir også gitt om søsken ikkje har plass i same barnehage. Moderasjon blir gitt for det barnet som har lavast sats. I tillegg til foreldrebetalinga for opphald kjem betaling for mat, frukt, mjølk o.l. 
 
Dersom foreldrebetalinga blir misleghaldt, blir plassen oppsagt. Om nokon har uteståande krav frå tidlegare opphald, vil ein ikkje få tildelt plass i barnehage med kommunalt opptak før det uteståande er betalt. 
 
10. REDUSERT FORELDREBETALING  Foreldre med lav betalingsevne kan søkje reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling. Ordninga  gjeld for foreldre som er busette i kommunen med barn i kommunale eller private barnehagar. 
 
11. TEIEPLIKT OG OPPLYSINGSPLIKT Barnehagelova § 20 slår fast at teieplikt er gjeldande for alle tilsette i barnehagen, samarbeidsutvalet og politiske utval i samsvar med forvaltningslova § 13 til § 13 f. 
 
Barnehagelova § 21 opplysingsplikt til sosialtenesta og § 22 opplysingsplikt til barnevernstenesta er gjeldande for barnehagetilsette.
 
12. INTERNKONTROLL Barnehagen skal foreta intern kontroll etter gjeldande regler og forskrifter i samsvar med kommunen sine retningslinjer. 
 
13. HELSE Forskrift om miljøretta helsevern er gjeldande i barnehagen. Føresette må informere barnehagen om forhold av betyding for barnet si helse, td. sjukdom og allergiar. 
 
14. MÅLFORM Nynorsk er målform i kommunale barnehagar.